|
|
| Gruppe 1 i Sveits | |  |
Bedre aldri enn seint, er det mange so seie til meg. Men eg trossa det fornærmande ordtaket og skrive likavel ein litt forsinka rapport ifra gruppe 1 sitt opphold i Sveits.
Fem av oss(Roger, Magnus, Christoffer, Elisabeth og Ronja) flya av gårde til Sveits 4.januar. Vi starta turen med ei veke i Andermatt, ein liten kosleg by som ligg 1500 moh. Andermatt har ikkje eit altfor stort skianlegg, men med utruleg mykje off-piste moglegheita rundt omkring. Høgste punktet med heis er på Gemstock, ca 2996. Etter nokre daga saman på ski, fekk me eit godt inntrykk av skiferdigheta og teknikk hos kvarandre. Nivået var nokenlunde ganske likt, sjølv om eg må ha hatt ein del teknikk-treninga med spesielt Christoffer(er komme seg betraktleg).
Mykje artig køyring, og ein god del kjeft frå lokalbefolkninga for å køyre på dyrefreda-område. Me var vel heldige som slapp unna eit par kraftige bøte, pluss eit tog som plutsleg kom frå ein uventa kant og gjorde nesten gruppe 1 til historie. Me budde på Soldatenhausen, eit kosleg og trangt motell der alle fem knefta seg inn på eit lite soverom. Her fekk me fort fekk erfare kven som snorka og ikkje. Har forresten vært eit av hovudproblema resten av ski og skred. Skriv opp øyreproppa på utstyrlista, evt hørselsvern.
Turen vidare gjekk til Davos, der gamlingen Bård møtte oss og gruppe 1 blei dermed fullstendig. Erika(gjennom Bjørns kontakta) hadde fiksa oss ein kosleg og praktisk leilighet med 1 min max avstand til bakeri, butikk, buss, pub og skianlegg. Dersom du er jente og vurdera halvtårskurset, bør du vera obs på at gutta er rotete på tur. Stadig vekk måtte eg og Elisabeth vise våre husmorskunnskapa og ta fatt på oppvask og rydding. Men detta blir du vant til.
Den første veka gjorde me oss kjende med Davos`s sinnsjuke store annlegg, og stressa livet av oss med dei 5000 høgdemetera som stod som krav til kurset med Heidi. Sjølv om eg elska oppovertrasking, må eg innrømme det vart litt slitsomt. Men Davos var bra. Her er heisane og pisten altfor overbefolka, men tradisjonen for off-piste var heller mindre. Noko som gjorde at me fann uoppspora snø kvar einaste dag(iveffal om man orka traske ein halvtime utanfor heisområde). Ein ekstra bonus var Klosters-skogen, der det låg rikeleg med pudder og puter. Og vèret er nydeleg i Davos, alltid sol. www.davos.sk
So kom veka som alle hadde grudd eller gleda seg til, vårt første kurs med Heidi. Den litt eldre sveitiske dama er vanvittig god på ski, masse masse erfaringar og gode historiar, og ikkje minst so snakka ho norsk med ein hærleg aksent. Ho starta alltid dagen med ein cola og croissant, og røyke minst ein 20-pakning dagleg. Det blei ei effektiv kursveke, der me fekk ein bra innføring til litt av kvart. Både når det gjaldt kameratredning, kartlesing, planlegging, vurdering, gjennomføring og guiding. Det var lite skredfare og ingen nedbør eller særleg med vind heile veka, då ville me kanskje lærd enda meir. Skredvarselen i Alpane(særleg Sveits) er noko heilt anna enn i Norge, grundig og profosjonell oppdatering kontinuerleg. Kunne ha fortalt ein heil masse om det, men det blir kjedleg her og dessutan er det vel meiningen neste årskull skal lære nåke òg….
Etter kurset blei Bård lei av å leike pappa og tjuvstarta Canada. Resten av oss tok toget og den verste bussturen nokon sinne, til Saas Fee(1800mhv). Denne bygda likna litt på Andermatt, berre at her var det legobila som køyrde rundt i gatene. Me fiksa oss ein billig og perfekt leiglighet midt i byn. Anlegget i Saas Fee hadde til samman 22 heisar, og litt meir isbre enn forventa. Høgste heisen gjekk opp til 3500, der det fanst ein snurrande resturant. Merka knapt at den bevega seg, men svimmelheten kom likavel. Billig fylla. Mykje bra køyring ellers i Saas Fee, men høgdepunktet var vel putekrig i skogen, med nysnø og trynings i hytt og pine.
Me avslutta Sveits med ei god natts søvn pao flyplassen i Zurich. No var det Canada neste, der minst 8 m snødybde og 1 m pudder på toppen venta oss. Eller ikkje.
-Ronja
|
| Skrevet av Ski og Skred. Sist endret 24/05-2010. |
|
|
|