Øytun Øytun Øytun
Alaska halvår
Plan
Økonomi
Søknad
Kola halvår
Plan
Økonomi
Søknad
Øytun fhs
Kontakt oss
Friperiode i Wrangell Mountains
Bildeserie
Jay landar samtidig med far sin.
Jay landar samtidig med far sin. 
Under Iditarod kom eg i snakk med ein ung pilot som frakta ein japansk frilansfotograf langs trailen. Det viste seg at dette var Jay, sonen til Paul Claus som eig Ultima Thule Lodge (.com) saman med kona Donna. I fjor hadde CP-elev Aleksander jobba på denne lodgen i friperioden og visstnok hatt det fantastisk så det var ikkje nei i min munn då Jay foreslo at eg òg kunne komme på besøk.
Som sagt så gjort! Etter Brooks Range turen satte eg meg på flyet til Anchorage og vart plukka opp av besteforeldra til Jay og kjørt ut til Chitina der Jay plukka meg opp med ein Cessna Skywagon 185. Turen opp til lodgen tok rundt 40 minutt og førte oss opp gjennom ein enorm dal som Chitina river hadde grove ut. På kvar side av dalen var det kvite fjelltoppar så langt auge kunne sjå - eit fantastisk syn! Sjølve lodgen var ikkje stort
God mat...
God mat... 
verre. Det viste seg å vere ein stad for folk som har meir enn til salt i grauten med kundar som Jim Carrey og Steven Segal (som dei måtte avslutte kundeforholdet med etter at han ville drepe bjørn - med kniv).
Dagane gjekk dei første vekene med til småjobbar som vasshenting, rydding, litt matlaging og generelt flyplassarbeid. På kvelden stelte Donna i stand middagar av ei anna verd og eg rulla i seng kvar kveld...
Løn for strevet fekk eg i form av skiturar med fly. Heliskiing er eit konsept eg hadde høyrd om tidlegare, men på denne lodgen var det bushfly som gjaldt! Utstyrt med ski i stadan for hjul kunne Paul lande på dei fleste toppar i området, sleppe folk av, lande i bunnen av bakken og fly opp igjen på ein ny topp. Betre blir det ikkje.

I will be back...

Tekst og foto: Eirik Nesheim
Bildeserie
Skrevet av Cirkum Polare Alaska. Sist endret 30/05-2010.
Siste video
Siste videoAlle artikler
Bilete Ledige plasser på Cirkum Polare Alaska
I Helge Ingstad's skispor
Bilete Så var det over...
Bilete Langtur i Brooks Range
Bilete Røyefiske på Laksfjord vidda
Bilete Friperiode i Wrangell Mountains
Flere artikler

[Logg inn]  
personer
bunn Cirkum Polare, Øytun folkehøgskole, N-9518 Alta. Tlf 78449140. Epost oytun@oytun.no bunn